Det er ikkje berre kristenretten som feirar 1000-årsjubileum i 2024. Også kyrkjestaden Hamre kan sjå tilbake på ei historie på 1000 år. 23.-26- mai vert sjølve jubileumsdagane.


Me byr på eit rikhaldig program under temaene fortid, nåtid, framtid og fest som spenner frå konsertar og foredrag og til sverdkamparena. Du er hjarteleg velkomen til ei minnerik jubileumsoppleving.


Sett av dagane, kom og feir saman med oss! Ikkje minst oppmodar me alle som kjem frå sokna som tidlegare høyrde til Hamre; frå Fanafjorden og til Sognefjorden om å delta.

Regjeringa tek del i feiringa

Kongen vart innbuden på å kome og feira saman med oss, men hadde ikkje høve til det. Men, trus- og livssynsminister Kjersti Toppe, som sit ved Kongens bord, vil representere regjeringa under jubiléet. Ho deltek på jubileumsgudstenesta på sundagen, saman med representant frå fylkeskommunen, biskop, ordførar og prost.

Sjøvegs til Hamre

Til jubileumsgudstenesta sundagen vil fleire koma til Hamre sjøvegen. Nokon kjem med M/S Granvin som legg til kai medan andre kjem roande over fjorden. Kanskje kjem det òg eit vikingskip? Det er høve til å koma sjøvegen om ein ynskjer det.

23.-26. mai 2024

PROGRAM

Fortid

Torsdag

17:00 Opning av utstilling

18:00 Kirkehistorisk foredrag ved Jørn Øyrehagen Sunde: "Frå kristenrett i 1024 til landslova i 1274"

19:00 Konsert: Bergen barokk

20:00 Vesper/aftensong ved songlaget Alvindt Manger

Nåtid

Fredag

16:00 Utstillinga opnar

17:00 Kunsthistorisk foredrag ved Gunnar Danbolt: "Oldkyrkjas og mellomalderens biletverd"

19:00 Konsert ved Osterøykoret


Framtid

Lørdag

10:00 Utstillinga opnar

10:00, 14:00 og 16:00 Omvisningar i kyrkja

10:00-16:00 Sverdkamparena

10:00-17:00 Kultursti ved Hamre grendaskule

12:00 Familiekonsert medBjarte Leithuag og barnekoret på Valestrand

14:00 Minikosert med Osterøy skulebrass

15:00 Quiz

      Fest!

      Søndag

      08:30 Kyrkjevegsvandring saman med turlaget. Oppmøte på Skår. Ankomst Hamre 10:30.

      Valestrand musikklag.

      10:15 Opning av dagen ved Valestrand musikklag

      11:00 Jubileumsgudsteneste ved biskop Ragnhild Jepsen.

      Regjeringa representert ved trus- og livssynsminister Kjersti Toppe deltek.

      Stor kyrkjekaffi for alle etter gudstenesta.

        Vil du bidra som frivillig? 

        Me treng frivillige som kan bidra til gjennomføringa av jubiléet? Du kan melde deg på som einskildperson, men òg som del av ei gruppe. Kanskje lokallaget ditt vil bidra?

        Ynskjer du omvisning i kyrkja?

        Kyrkja er open for omvisning, om ein tingar på førehand. Då vil ein få historia om kyrkjestaden presentert. Velkomen!



        Vil du vite meir om historia?

        Om du vil vite meir om kyrkjestadens historie? Då kan du sjå meir på desse sidene, lenkene med viser til eller tinga ei omvisning.