Historie

Tenk deg at du stod i sjøkanten ein stad langs Hamre­landet for bortimot tusen år sidan. Innover i nordaust såg du noko som kom seglande, fleire råsegl som vaks seg større etter­ kvart som dei nærma seg. Drakar, fleire vikingskip med dekorert stamn og mange menn om bord kom glidande forbi.

Du hadde sett slike skip mange gonger før, men sjeldan langs denne stranda, i denne fjorden.


Året er 1022. Sjefen om bord er Olav Haraldsson, som åtte år seinare skulle falla i slaget på Stiklestad og få namnet Olav den heilage, bli kåra til helgen i kyrkja og utropt til Noregs evige konge.


Med nokre få setningar har Snorre Sturlason gjort denne hendinga tilgjengeleg for oss. I «Soga om Olav den heilage» nemner han at Olav siglar ut Osterfjorden etter å ha vore på Voss.


Hovudkyrkje for Nordhordland

Kanskje var det grunnen til at kongen to år seinare, i 1024, bestemte at Hamre skulle vera kyrkjestad for hovudkyrkja i Nordhordland. For han hadde segla forbi og sett den gamle møteplassen i fjordsystemet, som var samlingspunkt også lenge før den første kyrkja blei reist. For alt vi veit, la han til land her også. Ferda hans vidare gjekk gjennom Hagelsundet nordover langs hovudleia.


Det var på Moster kyrkjeordninga for Vestlandet blei bestemt. Med seg hadde kongen ein dyktig administrator, Grimkjell, som hadde erfaring med slikt arbeid frå England. Grimkjell var prest og av adeleg slekt derfrå, og vart seinare arkitekten bak Olavs­liturgien i den katolske kyrkja og sterkt medverkande til helgenkåringa av kongen.


Samlinga på Moster i 1024 var det første kyrkjemøtet i Noregs historie, og kristenretten vart også vedteken der. Dei delte det som vi i dag reknar for Hordaland inn i fire kyrkje­ einingar: To langs kysten og to innafor. Hamre sitt område strekte seg frå Fanafjorden i sør til Gulen i nord. Vi veit ikkje om det stod ei kyrkje på staden då eller om det blei bygd ei til dette føremålet, men Hamre fortsette å vera hovudkyrkje gjennom heile mellomalderen.


Kvifor Hamre?

I 2024 kan vi feira tusenårsjubileum for kristenretten i landet vårt, og her lokalt det same for kyrkjestaden på Hamre. Slike jubileum opplever ein ikkje ofte. Om fire år er det tid for å markera den historiske hendinga på staden der den tredje kyrkja no står. På staden som for tusen år sidan blei utpeikt for å spreia den nye kristentrua ut til folket her vest. Ein kan sjølvsagt undra seg over korleis dette gjekk til at akkurat Hamre av alle stader vart plukka ut som kyrkjestad så tidleg - allereie 46 år før Bergen vart grunnlagt. Men, som eg vil visa i artikkelen her, ingenting er tilfeldig.

FAKTA


Etterreformatorisk langkyrkje med korte korsarmar på nord-vestspissen på Osterøy. Reist i 1622 som den tredje i rekkja av kyrkjer på same staden.


Det finst ingen spor etter den første kyrkja som stod her (reist i 1024), men enkelte bygningsdetaljar frå stavkyrkja som kom etter er tekne vare på.


Utvendig er kyrkja kledd i lafteverk. Koret og skipet har same breidde, men på kvar side har den grunne utskot som gjev den preg av å vere ei korskyrkje.


Den eldste delen av inventaret er ein døypefont i kleberstein frå rundt år 1250.


Alteret er av murt stein med relikviegjemme. Dette kan stamme frå den tidlegare stavkyrkja.


Det nest eldste i kyrkja er hovuddelen av eit middelaldersk alterskap. Dette er laga i Lübeck omkring år 1480.


Av tømmerkyrkjene som blei bygd på 1600- og 1700-tallet står i dag berre åtte tilbake: Hamre, Holdhus, Gjerde (i Etne), Grindheim (i Etne), Åkra og Bømlo gamle kyrkje.


Osterøy ligg, som nemnd over, fint plassert med fastland på alle kantar, omkransa av ein fjord som stort sett ikkje er så brei, men mange stader svært djup. Berre ein stad har dette fjordsystemet eit utløp, og det er i vest mot det som er sjø­ vegen mot Bergen. Men her i vest passerer også hovudleia nordover langs kysten nokså nær øya, gjennom Hagelsundet. Hamrebygda er difor sentralt plassert i nærleiken av det vestlegaste punktet på Osterøy, og langs stranda her vart det tidleg ein naturleg møtestad i fjordsystemet.


Ny kyrkje i 1622

Lenge før kristendomen slo rot på våre kantar kom antakelig folk roande og seglande hit for å ordna opp i saker og ting. Prestegarden på Hamre reknar ein med var busett i dei første århundra av vår tidsrekning, og samlingsstaden vart tidleg også ein tingstad. Då kristendomen fekk fotfeste vart det årlege Gangedags­ tinget halde her om våren. Gangdagane var vekedagane før helgetorsdag, og då vart det også utført eit åkervekkings­ rituale på kyrkjestaden.


Den første kyrkja som stod her veit vi svært lite om. Antakeleg var det ei enkel stavkyrkje med jordgravne stolpar, og ho har stått der kordelen i dagens kyrkje står. Hamre kyrkje nummer to kom opp eingong ut på 1100­talet, som ei ombygging og utviding av den første. Dette var ei etter måten stor stavkyrkje med opphøga midtrom og synlege stavar i rader inne i kyrkjerommet. Alterstaden var den same i begge kyrkjene, og er også den same i kyrkja som står i dag.


Kyrkjebygget som møter oss på Hamre i dag er ei tømmer­ kyrkje frå 1622 – men som sannsynlegvis blei påbegynt allereie i 1585 skal ein tru ei innskrift på den gamle hovuddøra. Etter reformasjonen i 1536 var det naudsynt å gjera nokre arkitek­ toniske forandringar. Ein skulle mellom anna ha sitjeplasser til ein tredel av soknet i kyrkja. Så bygget blei forlenga mot sjøen, og fekk sett på eit markant tårn over inngangspartiet.


Opphavleg inventar

Innvendig kom der mykje nytt inventar som kunne sam­ stemma meir med Luther si lære enn det katolske som var der frå før. Det gamle antemensalet som stod festa til alterfronten blei dekka til, og ny altertavle kom på alteret i 1622. Den ber våpenskjolda til Knut Gyldenstjerne (lensherre i Bergen) og kona hans Sofie Lindenow, og er dekorert (truleg også konstruert og utskoren) av Lambert Tidemann frå Bremen.

Det gamle antemensalet frå om lag år 1200 blei i 1906 henta ut og er nå å finna i kyrkjesamlinga til Bergen museum.I kyrkja heng det ein rekonstruksjon på nordre langveggen.


    Frå katolsk tid har vi ennå bevart det gamle steinalteret med alterbord og relikviegøyme i stein. Dette er rett nok skjult bak eit finert trealter, men skal etter planen gjerast meir synleg til tusenårsmarkeringa. Kva slags relikvie kyrkja har hatt i sin eigedom veit vi ikkje. I alterbordet er det ei lita nedsenking, som eit stort halvt egg om lag, og utfasing for eit lokk å ha over. I tillegg har ein funne ein figur frå eit alterskrin som kanskje har stått på alteret, laga i Limoge i Frankrike på 1100­talet. Dette er ein av dei tre kongane som kom for å tilbe Jesus­ barnet, laga i emaljert metall. Figuren, som er 9 cm høg, er òg å finna i kyrkjesamlinga i Bergen.


    Døypefont frå 1200-talet

    Vi er så heldige også å ha bevart hovuddelen av eit lite alter­ skap laga i Lübeck kring år 1500. I skapet står Maria med barnet som himmeldronning, flankert av ein pave og ein kvinneleg helgen. Skapet har hatt dører, men dei er borte. Ute i våpenhuset heng ein veggplanke frå stavkyrkja med bumerke og runeinnskrifter. Denne stod opphaveleg i koret, og runene fortel om ei kvinne, Margareta, som er lagt i grav «her nedanfor», altså inne under korgolvet. Runeskrifta er datert til om lag år 1310.


    Framme i koret står den gamle døypefonten i kleberstein, datert til midt på 1200­talet. Stiltrekk røper at det er engelske steinhoggarar som har forma ut fonten, som er skålforma innvendig med ein åttekant (oktogon) utvendig. Hovuda til fire vaktmenn held frå sidene utkikk i dei fire himmel­ retningane, og skal vakta det heilage badet mot vonde krefter.


    Slik kunne ein fortsetja med å ramsa opp saker og ting frå kyrkja si inventarliste, men nokre ting som skjedde med kyrkja etter år 1600 må nemnast. Det var nok store ting då kyrkja fekk preikestol i 1640.
    Vi kjenner ikkje namnet på kunstnaren, men han har gjort arbeidet i ein stil vi kjenner frå Tyskland og Danmark. Det er dei fire evangelistane som er utskorne i fire av hovud­ felta, medan Kristus som verdens herskar står i det femte. Inngangen til stolen er flankert av Adam og Eva, og på lyd­ hatten over finn vi kong Kristian 4. sitt symbol. Under står det ein soldat som heile stasen kviler på.


    Biletpryden blei måla over

    Om lag på denne tida, midt på 1600­talet, blei kyrkja dekorert innvendig. Det må ha vore eit stort arbeid som har teke si tid, for dei fleste flatane av kyrkjeveggane og heile kortaket blei pryda med ornament og hendingar frå Bibelen. Her kunne folk sjå i biletform det som kristendomen fortalde. Vi kjenner ikkje alle motiva, men i kortaket, som framleis er svært godt bevart, er det nokre av dei dramatiske hendingane frå det gamle testamentet som har fått plass. Diverre vart det bestemt av biskopen etter ein visitas i 1865 at biletpryden på veggane skulle målast over. Han meinte at alle desse bileta kunne forvirra ein stakkars uskulert bonde­ mann, og få han til å drøyma seg bort i kyrkjebenken i staden for å høyra på kva presten hadde å fortelja. To år seinare vart målararbeidet gjort. Heldigvis blei kortaket spart, og også dei malte teppene som «heng» nederst langs veggane. Ei stor restaurering rundt 1950 klarte ikkje å gjenskapa det som ein­ gong var, sjølv om all den lyse fargen som var påført blei vaska vekk.


    Denne forteljinga om kyrkjestaden Hamre er ei svært forkorta utgåve. Mange viktige, interessante og snodige ting får venta til eit anna høve.  For mykje er aldri blitt dokumentert, og i den store gløymeboka er det smått med referansar.