Steinaltaret

Altaret i Hamre kyrkje skal vere frå 1200-talet, seier soga. Det er murt opp i stein, med ei steinhelle på toppen, der det er laga til ei grop for eit relikvie, som truleg har vore i kyrkja, i katolsk tid.

Som omvisar i Hamre kyrkje får eg besøk av menneske frå heile verda. For to år sidan tok ein kveld fire russarar kontakt med meg for ein runde i kyrkjebygget. Då vi stod framfor alteret, bad den eine på dårleg engelsk om å få sjå under duken. Eg undra meg over at han kunne vita om at det fanst noko å sjå på der. Men sidan han var så ivrig, bretta eg alterduken til sides, slik at den vesle luka i trebordet kom til syne. Då den vart opna, bøygde russaren seg fram og kyssa staden på steinplata under der det i mellomalderen må ha blitt oppbevart ein relikvie. Eg forstod straks etterpå at dette hadde vore ei stor oppleving for han, han var svært takksam. Og eg tenkte nok ein gong på kor dumt det er at folk flest ikkje kan sjå denne manifestasjonen av mellomalderkristendom vi har i kyrkja vår.


Inne bak den eikefinerte kassen som frå 1949 har gjort teneste som alter i Hamre kyrkje, står det eit alter mura i stein. I litteraturen som finst om kyrkja er det uråd å finna vidare opplysningar om det, anna enn det må ha tilhøyrd stavkyrkja som stod her før år 1600. For seksti år sidan skreiv arkitekt Konow Lund om alteret i samband med restaureringsrapporten som blei laga då: - Det gamle alterbord av stein er nå dekket av simple trematerialer, disse fjernes og stein repareres. Den delvis bevarte plate med relikviegjemme repareres, kompletteres og monteres. 07.04.1948 Foreningen til Norske Fortidsmindesmærkers Bevaring er enig i dette : - Man har intet å innvende mot at alterbordet bringes tilbake til sin gamle form.  I brev sendt 01.07.1948 sluttar også Riksantikvaren seg til denne løysinga. Likevel blei steinalteret innkledd på nytt med eit eikealter frå Raknes møbelfabrikk. Kanskje er forklaringa å finna hjå presten Lars Bergo, som i 1951 skriv : - Det gamle altarbordet i gråstein frå den fyrste stavkyrkja kom på sin gamle plass som altarbord, men då det var ein uvand og ujamn stein, måtte ein ha trebordet ovanpå.


Går ein til tidlegare kjelder, finn ein noko hjå Johannes Litleskare i 1930. Han skriv om ei ”vøla” av kyrkja i 1857 : - Altertavla vart nedlagt og seinare uppattreist. Den gamle alterplata med relikviegøymsla vart lagd til hella utfyre inngongen til ”Gravhuset” (noverande sakristibygg, tidlegare stod her ein bygning som husa ein familiegravstad.).

Altaret fekk trebord. Det kan ut frå dette sjå ut som om steinhella gjorde teneste som alterbord fram til 1857. Trebordet som vart sett opp då må vera dei simple trematerialane som Konow Lund referer til i 1948. Ein kan undra seg over at så mykje katolsk inventar fekk stå i Hamre kyrkja heilt fram til midten av 1800 – talet. Det kan sjå ut som respekten for det gamle framleis var levande. Men då var det jamt slutt. Litleskare framstiller det som skjer med kyrkja mellom 1855 og 1875 som angrep og øydeleggingar. Det var i denne perioden ein malte over veggdekoren også, det var endå eit forslag om å ta ned den tjørebreidde utvendige kledningen for å setja opp ny kvitmåla. Og takkonstruksjonen ville ein endra for å gjera taket flatare og meir moderne. Heldigvis vart dette stoppa av manglande finansiering.


Kyrkja som står på Hamre i dag er den tredje på same staden. Ein reknar no med at dette siste bygget vart sett opp sist på 1500 – talet, kanskje kring år 1600. Tidlegare har ein datert kyrkja til åra mellom 1620 og 1640, men nyare forsking har altså gjort henne nokre tiår eldre. Alterstaden er den opphavelege, det vil seia at ein har brukt det same alteret i alle dei tre kyrkjene. Ein vigd stad som alteret var, flytta ein ikkje på. Det har lenge vore eit ønskje frå fleire enn meg å gjera noko med eksponeringa av det gamle alteret. Folk flest veit knapt at det eksisterer. I januar 2007 opna vi opp trealteret for å undersøkja kva som skjulte seg der. To representantar frå Riksantikvaren kom på synfaring. Vi vart litt overraska over det vi såg. I førestillingane våre om gamle mellomaldermurar tenkjer vi oss gjerne ein fin tørrmur i gråstein, utan mørtel eller puss. Men det er feil. Mellomaldermuren var oftast kvitkalka, og det er steinalteret i Hamre kyrkje også. Steinen som er brukt er stein frå området, ikkje spesielt fin eller veleigna til muring heller. Berre i fronten er kalkpussen tynnare slik at vi ser steinane. Her stod det frå om lag 1290 eit bilete framføre og dekka til heile steinfronten, eit antemensale som blei fjerna derfrå i 1906 og no heng på historisk museum i Bergen. I kyrkja har vi ein kopi laga av Solrunn Nes i 1995. Sidan størrelsen på biletet høver heilt til størrelsen på alterfronten, må biletet frå 1290 vera yngre enn alteret. Men ei presis datering er vanskeleg.


Vi veit at det stod ei kyrkje på Hamre i 1024, og at kyrkje nummer to blei bygd på 1100 – talet. Kan alteret vera frå den eldste kyrkja? Steinhella gjorde altså teneste som dørhelle i nitti år, før ho kom tilbake på sin gamle stad i 1948. Hella er litt skada i eine hjørnet der eit stykke er brekt av. Det kan og sjå ut til at steinen blei litt tilhogd då han skulle bli dørhelle, og at hella opphaveleg var større.


Det spesielle med steinen er oppbevaringsstaden for ein relikvie som er laga til midt på. I katolsk tid bad ein bøner til helgenane, og gjenstandar som hadde høyrd til desse, meinte ein bar i seg ei spesiell kraft. Derfor laga ein til plass til slike saker på altera kringom, anten i eit relikvieskrin, som også Hamre kyrkja har hatt i si eiga, eller i ein oppsats som stod på alteret. Og så kunne ein ha noko skjult i ei relikviegøyme, og det har dei altså hatt midt på alterbordet i Hamre kyrkje. Midt i eit kvadratisk uthogd felt er det ei nedsenka halvkule der noko har hatt plass, skjult av eit lok som har passa ned i kvadratet. Loket, som kan ha vore laga av stein eller tre, er borte. Det same er relikvien, og vi anar ikkje kva det har vore for noko. Kan det tenkjast at kyrkja fekk denne i gåve då ho blei utpeikt av Olav den heilage og biskop Grimkjell til hovudkyrkje for Nordhordland på Mostratinget i 1024?


Det mura og kvitkalka steinalteret fyller ganske godt ut rommet inne i trealteret. Muren er ikkje i lodd, det ser ikkje ut som murarane har brydd seg om å få det rett og beint heller. Då dei la hella tilbake i 1948, har dei teke litt av toppen også for at alteret ikkje skulle bli for høgt. Det kan med andre ord sjå ut som om steinalteret ikkje er bygd for å stå på stas. Kanskje var tanken heilt frå starten av at noko skulle omkransa det. I fronten var det eit bilete måla på trepanel. Kring det andre kan det har vore eit klede. Liknande løysingar finn ein i nokre andre mellomalderkyrkjer som også har ein kjerne av stein i alteret. Men toppen har ikkje vore tildekt, det er steinhella som har fungert som alterbord. I dag støttar alterbodet opp under altertavla. Frå gamalt av var der ikkje noko slik tavle, det er den første altertavla vi framleis har i kyrkja, frå 1622. Før det stod alterbordet bart, og presten stod bak alteret med andletet vendt mot kyrkjelyden når han utførte rituelle handlingar der. Dei to frå Riksantikvaren kunne ikkje seia noko spesifikt om alderen på alteret ut frå det dei såg. Det var utan tvil eit mellomalderalter og skulle det daterast, kunne ein prøva med analyse av kalkpussen. Bilete av alteret blei sendt til ekspertgruppa som arbeider med steinarbeid ved Nidarosdomen, men heller ikkje dei kunne seia noko anna enn at dette var ein vanleg måte å gjera murarbeid på gjennom heile mellomalderen.


I dag har eikealteret fått eit felt med glas i fronten og ei glasplata på bordet slik at ein kan sjå ned på steinhella under. Då vil vi i alle fall ikkje lenger gøyma unna kulturhistorisk dokumentasjon for komande slekter