Spørsmål og svar

Her har me sett opp svar på ein del spørsmål me allereie har motteke

Kvar er arrangementet?

Alt av program vil vera i eller ved Hamre Kyrkje


Kvar er dei ulike arrangementa plasserte?

  • Kyrkja: Foredraga, alle konsertane (utanom dei 2 i parken), omvisningar, vesper/aftensong, jubileumsgudstenesta
  • Borgstova: Utstilling
  • Parken: Sverdkamparena, minikonsert med Osterøy skulebrass, opning av søndagen med Valestrand musikklag.
  • Grendaskulen: Quiz

Korleis er det med parkering?

Parkering vil hovudsakleg vera på skuleplassen til Hamre grendaskule, som ligg rett ved kyrkja.Torsdag og fredag kan dei som treng det også parkera nede ved kyrkja.


Kva er opningstidene?

Torsdag: 17.00-21.00
Fredag: 16.00-20.00
Lørdag: 10.00-17.00
Søndag: 10.00-14.30

Merk at dørene til foredraga torsdag og fredag opnar 15 minutt før. Utstillinga vil vera open i forkant.


Korleis er det med universell utforming?

Alle arrangementa våre er på bakkeplan. Me har også eit toalettbygg der det er HC toalett.


Er det billettprisar på arrangementa?

Alle arrangementa våre er gratis!


Kan eg reservera plassar til dei ulike arrangementa?

Nei. Me bruker “førstemann til mølla”-prinsippet. Møt derfor opp i god tid for å sikra deg plass.


Kan eg sjå berre foredraget eller konserten på torsdag og fredag, eller må eg sjå på begge om eg vil komma?

Du vel sjølv om du vil sjå berre foredrag eller konsert, eller om du vil sjå begge. Merk at det er førstemann til mølla når det gjeld plassar, så me kan ikkje garantera plass om du ønskjer å komma seinare.


Vil det vera mogleg å kjøpa mat og drikke?

Hamre minibakeri kjem til å halda ope. Hamre grendaråd kjem også til å ha ei pølsebu på laurdagen.


Må eg pynta meg til jubileumsgudstenesta på søndag?

Søndag er den store festdagen, og me håpar alle som kjem ønske å pynta seg litt. Gjer som ministeren, og ta gjerne på bunad om du har!


Er dette barnevennleg?

Dette er eit alkoholfritt og rusfritt arrangement. Programmet på torsdag og fredag er kanskje ikkje det mest gøyale for dei minste, men heile laurdagen er dedikert til barn og unge! Barn er uansett velkommen gjennom alle dagane.


Er det noko anna eg burde vita?

I Borgstova vil me også ha ein kiosk der me vil selja mellom anna ei jubileumsbok og julekuler.